Sunnfjord Folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule i Sunnfjord kommune i Vestland fylke. Skulen tilbyr ulike linjer innanfor volleyball, friluftsliv, foto, globale tema, idrett og dans. Vidare tilbyr skulen ulike valfag og har også fellesfag på timeplanen. Skulen har plass til 100 elevar i året og er eigd av Normisjon.

Sunnfjord Folkehøgskule starta i Naustdal, der det i 1902 vart etablert ein ungdomsskule eigd av Ungdomsvennernes Foreining. I 1910 tok Sunnfjord indremisjon over denne skulen, og flytte han til Solvang i Førde. Skulen vart då gjort om til ein folkehøgskule med kristeleg profil og har vore i drift fram til i dag.

Det vart opna eit museum i Haavetun-bygget under feiringa av 100-års jubileet til skulen i 2002. Museet har eit bibliotek og eit rekonstruert elevrom frå 1960-talet.

Linjer ved skulen i 2015: Beachvolleyball Beach sport Dans + idrett Fotball Friluftsliv og foto Global foto Global reise Global Sri Lanka Volleyball Volleyball toppidrett

Skulen tilbyr også halvårskursa Beach Sport og Beachvolleyball som går om hausten og våren.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Byggverk i Sunnfjord Kategori:Kultur i Sunnfjord Kategori:Folkehøgskular i Vestland Kategori:Skipingar i 1902 Kategori:Sunnfjord