On the Third Day er det tredje studioalbumet til Electric Light Orchestra (ELO), og det første heilt utan Roy Wood.
Utgjeving
On the Third Day kom ut i 1973 og gjekk ikkje inn på albumlista i Storbritannia, men nådde 52. plassen på albumlista i USA. Side to av alblumet vart spelt inn under eller kort tid etter innspelinga for det andre albumet til ELO, ELO 2, men inneheldt i motsetnad til føregjengaren kortare spor. Dei fire songane på side ein av albumet var knytt saman til ein samanhengande suite. Fiolinisten Mik Kaminski debuterte på side ein av albumet då han erstatta Wilf Gibson, men Gibson spelar på side to (og bonusspor). Cellisten Colin Walker slutta i bandet på same tid og Mike Edwards vart då den einaste cellisten i bandet.
«Showdown» var opphavleg meint å berre vere ein singel, og sidan han var på eit anna selskap enn den britiske versjonen av albumet vart gjeve ut på (Harvest), så er han ikkje med på den originale britiske LP-utgåva. Han vart derimot gjeven ut på den amerikanske utgåva av albumet.
Innhald
Originalutgåve
Medverkande Jeff Lynne – vokal, gitarar Bev Bevan – trommer, perkusjon Richard Tandy – piano, Moog, clavinet, elektrisk piano Mike de Albuquerque – bass, korvokal Wilf Gibson – fiolin på spor 5–14 Colin Walker – cello på spor 5–14 Mike Edwards – cello Mik Kaminski – fiolin på spor 1–4
Listeplasseringar USA: 31. plassen på CashBox; 52. plassen på Billboard 200 Storbritannia: nådde ikkje lista, men nådde 38. plassen i 1978 som ein del av ein plateboks med tre plater, Three Light Years. AUS: 46. plassen på ARIA Album Chart CAN: 40. plassen på RPM Album Chart
Kjelder Denne artikkelen bygger på «On the Third Day» frå , den 13. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Electric Light Orchestra-album Kategori:Album produserte av Jeff Lynne Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:United Artists Records-album Kategori:Jet Records-album Kategori:Musikkalbum frå 1973