Revaya (hebraisk רְוָיָה) er ein moshav i Beit She'an-dalen nord i Israel. Han høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune og ligg kring 6 km sør for Beit She'an, nær Sde Trumot, vest for hovudveg 90.

Moshaven vart grunnlagd i 1952 av organisasjonen Hapoel Hamizrachi. Han vart busett av emigrantar til Israel frå Irak og Marokko. Han tok òg i mot somme etiopiske jødar som immigrerte til Israel i 1990-åra.

Moshaven heitte opphavleg «P'rona B», etter den nærliggande «P'rona» (Tel Rehov). Namnet vart endra til Revaya, etter den nærliggande kjelda med same namn.

I 2000 dekka Revaya kring 2 000 dekar og hadde eit folketal på 200 innbyggjarar.

Moshaven er ein av fire busetjingar i ei gruppe Revaya, Sde Trumot, Tel Teomim og Rehov. Desse fire busetjingane vart grunnlagde nær kvarandre og danna ei gruppe i lag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Revaya» frå , den 14. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Etiopisk diaspora i Israel Kategori:Irakisk diaspora i Israel Kategori:Marokkansk diaspora i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1952 Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel