Kelly Groucutt (), var ein engelsk musikar mest kjend som bassist og korvokalist i det engelske rockebandet Electric Light Orchestra (ELO), mellom 1974 og 1983 og var ein av dei lengstvarande i denne besetninga.
Biografi Han vart interessert i musikk i tidleg alder og byrja som songar då han var 15 år gammal. Han byrja å spele gitar då han var 17, og 21 år gammal byrja han å spele bass. Han spelte i fleire badn, som Greenwich Village og Marble Arch, og tidleg i 1970-åra vart han med i Sight & Sound, eit pop-orientert progressivt rockeband der Rick Price frå the Move tidlegare hadde spelt. Han vart seinare med i ELO, der han ikkje berre var bassist, men òg song i lag med Jeff Lynne. Han spelte inn det første soloalbumet sitt, Kelly i 1982, med hjelp av ELO-medlemmane Bev Bevan, Richard Tandy, Louis Clark og Mik Kaminski. Groucutt fekk eit dårlegare forhold til Lynne og ELO tidleg i 1980-åra, då Lynne valde å syngje og spele det meste av bass sjølv. Det heila enda med fiendskap mellom dei to.
Groucutt satsa så på ein solokarriere frå då av, mellom anna under aliaset Player, i lag med ELO-kollega Mik Kaminski. Til slutt byrha han og Kaminski og arbeide under namnet OrKestra, som spelte ELO-songane dei tidlegare hadde vore involvert i, og dei spelte inn eit par album i lag, Beyond the Dream og Roll Over Beethoven. Dei spelte òg ei stundi Bev Bevan sitt Electric Light Orchestra Part II tidleg i 1990-åra og vart etter kvart fulltidsmedlemmar der. I tillegg til desse, heldt Groucutt ofte einmannshow i the Midlands, der han framførte songar frå 50- og 60-talet.
Kelly Groucutt døydde 19. februar 2009 av eit hjarteinfarkt, 63 år gammal.ELO member Groucutt dies, aged 63 BBC.co.uk
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kelly Groucutt» frå , den 15. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Electric Light Orchestra-medlemmar Kategori:Engelske rockebassistar Kategori:Folk frå Coseley Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske songar-låtskrivarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Døde av hjarteinfarkt