«Nightrider» er ein song frå Electric Light Orchestra-albumetFace the Music.

Songen er kalla opp etter det første store bandet Lynne spelt i, The Nightriders. Dette var den tredje singelen frå albumet etter «Evil Woman» i 1976. B-sida på singelen var eit konsertopptak av «Daybreaker» frå konsertalbumet The Night the Light Went On in Long Beach frå 1974. Trass i at ELO no var blitt ganske så populær, gjekk ikkje songen inn på salslistene. Songen vart òg gjeven ut som B-side til den amerikanske hitsingelen «Do Ya».

Mellom 3:16 og 3:19, på songen er det ein strykar-crescendo som vart nytta om att baklengs (frå 2:40 til 2:44) på ein annan song på albumet, «Evil Woman».

«Eg tok den høge strykardelen på Nightrider som klatrar opp til eit klimaks, og nytta det baklengs på Evil Woman med stor effekt. Eg vart sjokkert over kor bra det passa inn.» - Jeff Lynne (Face The Music-omslaget)

Under konsertversjonen av songen, bytta Jeff Lynne og Kelly Groucutt på vokalen under songen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nightrider (song)» frå , den 15. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Electric Light Orchestra-songar Kategori:Songar produserte av Jeff Lynne Kategori:Songar skrivne av Jeff Lynne