mini|Øyreflippen er merka nedst som «Lobule» høgre|mini|Tutankhamon med ein strekt øyrepiercing Øyreflippen (av latin lobulus auriculae) hjå menneske er samansett av laust og feittaktig bindevev. Den manglar stivleiken og elastisiteten til resten av øyremuslingen, den ytre overflata av øyret. Hjå somme er flippen festa i ansiktet. Den inneheld ikkje brusk, og har difor ei monaleg blodforsyning som bidreg til å varme øyret og oppretthalde balanse. Den engelske zoologen Desmond Morris føreslo i boka «The Naked Ape» (1967) at øyreflippane truleg utvikla seg som ei ekstra erogen sone for å fasilitere den aukande seksualiteten i evolusjonen av monogam parknyting. Desmond Morris The Naked Ape: A Zoologist's Study of the Human Animal. Corgi Paperpack ed (ISBN 0-07-043174-4). Jonathan Cape, 1967 . Kapittel 2, side 59 Ein trur likevel ikkje at øyreflippane har noko stor biologisk funksjon, men den bidreg truleg til å fange opp bassfrekvensar i lufta. Den inneheld mange nerveendar, og for somme er det ei erogen sone.
Struktur Arvelege trekk Øyreflippar er i gjennomsnitt 2 centimeter lange, og blir noko lengre med alderen. Ein plar å snakke om at øyreflippen anten er «festa» eller «fri/laus» som følgje av eit «enkelt gen med to allel», men dette er truleg ei forenkla skildring; det er eit vidt spekter frå det eine ytterpunktet til det andre, som tyder på innverknad av fleire gen.
Den lause øyreflippen er dominant ovanfor den som er festa.Boaz N. T. (1999): Essentials of biological anthropology. Prentice Hall, New Jersey, ISBN 0-13-080793-1.Mader S. S. «Human Biology» (2000). McGraw–Hill, New York, ISBN 0-07-290584-0. Nokre forfattarar har føreslått polygen arv,Dutta P., Ganguly P. «Further observations on ear lobe attachment» (1965). Acta Genetica et Statistica Medica. 15: ss. 77-86. og nokre har konkludert med at ein enkelt mendelsk genverknad ikkje er nok til å forklare dei ulike typane.Lai, L. Y. C., Walsh R. J. «Observations on ear lobe types» (1966). Acta Genetica et Statistica Medica. 16: 250-257Victor A. McKusick. «Earlobe Attachment: Attached vs. Unattached». 6. april 1986 Det finst òg ein variant som truleg kan skildrast best som «flipplaus».
Klinisk relevans Øyreflippar er vanlegvis glatte, men dei kan òg vere skrukkete. Skrukkete øyreflippar har ofte samanheng med genetiske avvik hjå barn, som til dømes Beckwith-Wiedemanns syndrom. Medline Plus. U.S. National Library of Medicine, National Institutes of Health: "Some studies have found that people with earlobe creases have a greater risk for heart attack than others. More recent research suggests that earlobe creases are more common in older people, and that age, not the presence of creases, accounts for the increased heart attack risk." Nokre tidlege forskingspapir fant ein samanheng mellom skrukkete øyreflippar og førekomsten av hjarteåtak og koronarsjukdom. Nyare studiar har slått tilbake på denne og seier at denne samanhengen truleg skuldast at øyreflippar naturlegvis blir meir skrukkete med alderen, samstundes som risikoen for hjartesjukdom aukar. Det karakteristiske søkket som finst i nokre øyreflippar blir kalla Franks teikn.
Samfunn og kultur Piercing Piercing i øyreflippen er vanleg og utbreidd over heile verda. I nokre kulturar brukar dei mellomtunge dekorasjonar for å strekke og forstørre øyreflippane for å gjere plass til pluggar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Earlobe» frå , den 15. februar 2015.
Kategori:Øyret