Fugløya er ei øy som ligg i Bolgsvaet mellom Freiøya og Nordlandet i Kristiansund kommune. Arealet er på 220 dekar.
Freding og kulturminne
Fugløya var planlagt innlemma i ei utbygging av industriområdet på Husøya i tidlegare Frei kommune. Øya vart, etter ein folkeaksjon i kommunen, kåra til kulturminne for kommunen i kulturminneåret 1997 og vart samstundes freda.
Formannskapet i Frei kommune prøvde å sette resultatet av avstemminga til side, og vedtok i staden å kåre Rastarkalv til kommunen sitt kulturminne. Dette vedtaket vart overprøvd av sekretariatet i kulturminnestafetten, som slo fast at det var kommunen sine innbyggjarar som skulle avgjere. Øya vart òg vald til kulturminne for Møre og Romsdal fylke.
Busetnad
Øyen er i dag ikkje busett, men i mange år budde brørne Frank og Roald Thoresen på øya og dreiv med tradisjonelt fiske. Eit portrettprogram med brørne har vore sendt på TV Nordmøre.
Fugleliv
Fugløya var rekna som den viktigaste hekkeplassen for sjøfugl i Frei, og i 1998 hekka mellom 150 og 200 fiskemåsepar her saman med 20-30 par raudnebbterner.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Fugløya bør vernes. Leiar i lokalavisa Tidens Krav 3. mars 2006
Kategori:Øyar i Kristiansund Kategori:Kulturminne i Kristiansund