«Paper Boy » er ein song skriven og framført av Roy Orbison i 1959.
Songen vart spelt inn for RCA Victor, men spelt inn på ny for Monument berre nokre dagar seinare i same studio i Nashville. På denne tida var Monument eit så nytt plateselskap at dei ikkje hadde sitt eige studio, og derfor leigde plass hos RCA i Nashville. Dette vart den første singelen Orbison gav ut for Monument, og som han sidan skulle få stor suksess med. Denne singelen gjekk ikkje inn på salslistene nokon stad.
B-sida var «With the Bug», som òg var skriven av Orbison.
Kjelder Paper Boy - Discogs The monumental music of Roy Orbison
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1959 Kategori:Singlar frå 1959 Kategori:Roy Orbison-songar Kategori:Monument Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Roy Orbison