Albaron er ein 3 638 meter over havet høg fjelltopp i Graji-Alpane i departementet Savoie i Frankrike. Saman med grannefjellet Uia di Ciamarella dannar Albaron ein vid brebotn.

Fjelltoppen ser frå nord og søraust ut som ein kvass pyramide og er eit ynda turmål for klatrarar om sommaren då han er relativt enkel å klatre. Også om vinteren er han turmål, då for skiklivarar.

R.C. Nichols og J.V. Favret var dei fyrste menneska som tok turen til topps, den 2. september 1866.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Albaron» frå , den 22. februar 2015.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Frankrike