Ginosar (hebraisk גִּנּוֹסַר) er ein kibbutz på vestbreidda av Genesaretsjøen i Israel. Han ligg nord for Tiberias langs veg 90 og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 472.

Historie

Antikken

I det første hundreåret evt. var Ginosar ein blømande by, som på gresk og latin vart kalla Gennesaret, medan versjonen «Ginosar» dukka opp i Det nye testamentet. Den moderne kibbutzen er kalla opp etter den gamle byen, men det er ikkje visst at han låg på akkurat same staden.

Unde rein alvorleg tørke i 1986 fall vassnivået i innsjøen og avdekte rama til ein fiskebåt som sidan er karbondatert til 100 fvt. til 70 evt., og som no er kjend som Genesaretbåten. Ved hjelp av nyskapande teknikkar vart båtrama redda. Båten vart plassert i ein spesialtank, og er i dag på utstilling i Beit Yigal Allon Museum.Israel Handbook: With the Palestinian Authority Areas , by Dave Winter

Nyare tid

Ginosar vart grunnlagd under purim i mars 1937 av ei gruppe unge socialist-sionistar på landområda til Palestine Jewish Colonization Association (PICA) leigd av Migdal. Han vart opphavleg bygd som ei tårn og palisade-busetjing.

Kibbutzen var nært knytt til Mapai-partietHeaven on Earth: the Rise and Fall of Socialism og var heimstaden til Yigal Allon, kommandanten i «den syriske avdelinga» av Palmach, og seinare ein minister i den israelske regjeringa.

Ginosar var opphavleg eit jordbrukssamfunn, men hovudnæringa i dag er turisme.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ginosar» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1937 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1937 i Palestina