Avnei Eitan (hebraisk אַבְנֵ"י אֵיתָ"ן) er ei israelsk busetjing og ein moshav i Golanhøgdene, kring 385 meter over havet.

Historie Avnei Eitan vart grunnlagd etter Jom kippúr-krigen i 1973 til minne om seks israelske soldatar som vart drepne i krigen. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette. Svartfossen, kalla opp etter den svarte basaltsteinen, og Kvitfossen, kalla opp etter den kvite kalksteinen, ligg nær Avnei Eitan.Places i Golan: Nahal El Al

Avnei Eitan er ein ortodoks jødisk jordbrukssamfunn i Gush Hispin, ei gruppe religiøse samfunn sør i Golanhøgdene. Moshaven høyrer til Golan regionale kommune.

Kring 80 familiar bur i Avnei Eitan, inkludert 20 familiar som vart kasta ut av Gush Katif, hovudsakleg frå Netzer Hazani og Kfar Darom. Her ligg Mechinat Avnei Eitan førmilitære yeshiva, òg kalla «Leiarskapen Yeshiva akademi», der hovudsakleg engelskspråklege studentar. Mange av dei ferdigutdanna elevane vert elitesoldatar i det israelske forsvaret.

Sjå òg israelskokkuperte territorium

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Avnei Eitan» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Israelske busetjingar Kategori:Moshavar Kategori:Golan regionale kommune Kategori:Religiøse israelske busetjingar Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel