Tel Yosef (hebraisk תֵּל יוֹסֵף, tyder 'Josefhaugen') er ein kibbutz nordaust i Israel. Han ligg i Jezreeldalen og høyrer til Gilboa regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 371.
Historie Kibbutzen vart grunnlagd i 1921 av medlemmar av Gdud HaAvoda, og vart kalla opp etter Joseph Trumpeldor.
I folketeljinga i 1931 hadde Tel Yosef 72 busette hus og eit folketal på 261, alle jødar.
På det meste hadde han 600 innbyggjarar. Tidleg i 1950-åra oppstod det ei ideologisk usemje, og 250 av innbyggjarane flytta og slo seg ned i den nærliggande kibbutzen Beit Hashita. Støttespelarane til David Ben-Gurion vart verande att i Tel Yosef.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tel Yosef» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1921 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1921 i Palestina