Finn-Hågen Krogh () er ein norsk langrennsløpar frå Alta som vart verdsmeister i sprintstafett saman med Petter Northug under Ski-VM 2015 i Falun. Krogh, som er medlem av Tverrelvdalen Idrettslag, har vunne tre renn i verdcupen sesongen 2014/15.

Karriere Krogh fekk sitt gjennombrot då han i Falun vart nummer to i verdscupsavslutninga, ein prestasjon han kopierte same staden to år seinare. I 2013 gjekk han inn til sølvmedalje på 15 km under NM på Voss, vel fem sekundar bak Martin Sundby.

Vinteren 2014/15 vann to sprintrenn i verdscupen, det siste i Östersund. Dagen etter siste sprinttriumfen vann han også 15 km i Östersund. Ei veke etter gjekk han sprintstafetten under Ski-VM i par med Petter Northug, og vann gullmedalje på ein overbevisande måte.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2012: Nr 9 på 30 km på Voss Ski-NM 2013: Sølvmedalje på 15 km på Vang Ski-NM 2014: Sølvmedalje i sprint på Lillehammer Ski-NM 2015: Nr 4 på 30 km på Røros Ski-NM 2016: Gullmedalje i sprint i Tromsø Ski-NM 2017: Nr 6 på 10 km i Sør-Fron Ski-NM 2018: Bronsemedalje på 30 km på Vang Ski-NM 2019: Gullmedalje i sprint i Meråker Ski-NM 2020: Gullmedalje på 15 km i Drammen Ski-NM 2021: Nr 8 på 15 km i Trondheim Ski-NM 2022: Nr 7 på 10 km på Gran Ski-NM 2023:

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Finn Hågen Krogh» frå , den 23. februar 2015.

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2013 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2017 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2019 Kategori:Folk frå Alta