mini|Hovudskallen sett frå framsida. Foramen infraorbitale er merka til høgre i midten, rett under auga. Foramen infraorbitale (IOF) er ein foramen i overkjevebeinet i hovudskallen som ligg under nedre orbitarand (IOM) i augehola. Gjennom denne kjem a. infraorbitalis, v. infraorbitalis og n. infraorbitalis, som er utgreiningar av overkjevedelen (CN V2) av trillingnerva (CN V). Distansen mellom IOF og IOM varierer frå 6,10—10,9 mm. Foramen infraorbitale formar den ytre enden av c. infraorbitalis og kommuniserar med s. infraorbitalis maxillae, kanalen si opning på den indre sida.

Ramifikasjonane av dei tre hovudforgreininga av trillingnerva, ved foramen supraorbitale, infraorbitale og mentale, er fordelt langs ei vertikal linje og passerer gjennom midten av pupillen. Foramen infraorbitale blir brukt som eit trykkpunkt for å teste følsemda til n. infraorbitalis. Palpering av foramen infraorbitale ved ekstraoral undersøking eller ved administrering av lokalbedøving fører til sårheit i området.Illustrated Anatomy of the Head and Neck, Fehrenbach and Herring, Elsevier, 2012, page 55

Fleire bilete

Sjå òg foramina i hovudskallen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Infraorbital foramen» frå , den 26. februar 2015.

Kategori:Foramina i hovudskallen