Merhavia (hebraisk מֶרְחַבְיָה) er ein moshav nord i Israel. Han høyrer til Jezreeldalen regionale kommune og hadde i 2006 eit folketal på 722. Moshaven vart grunnlagd i 1911 som den første moderne jødiske busetjinga i Jezreeldalen.

Landsbyen vart grunnlagd som Fellesskapet i Merhavia, eit andelsbruk, i byrjinga av 1911, basert på ideane til Franz Oppenheimer. Grunnleggjarane hadde kome til området i 1910 og bestod av medlemmar av Kvutzat Kibush og arbeidarar frå den andre Aliyah. Han var meint å fungere som eit andelsbruk og vart grunnlagd med støtte av Arthur Ruppin, Yehoshua Hankin, Anglo-Palestine Bank og Eliyahu Blumenfeld. Alexander Baerwald teikna og bygde dei første faste bygningane og eit vegnettverk i 1915.Myra Warhaftig (hebraisk מירה ווארהפטיג), «Alex Baerwald», in: id., Sie legten den Grundstein. Leben und Wirken deutschsprachiger jüdischer Architekten in Palästina 1918-1948, Berlin and Tübingen: Wasmuth, 1996, s. 34-41, here s. 35. ISBN 3-8030-0171-4 Namnet Merhavia kjem frå salmane Salmane 118:5.

I 1922 vart staden omgjort til ein moshav ovdim etter at polske emigrantar og innbyggjarar frå Tel Aviv som ønskte å drive jordbruk slo seg ned. I 1929 vart ein kibbutz, òg kalla Merhavia, grunnlagd ved sidan av moshaven.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Merhavia (moshav)» frå , den 27. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1911 Kategori:1911 i Det osmanske riket Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel