Niklas Dyrhaug () er ein norsk langrennsløpar frå Tydal som vann VM-gull i 4 x 10 km stafett under Ski-VM 2015. Han er medlem av Tydal Idrettslag.
Karriere Dyrhaug debuterte i verdscupen i langrenn på Beitostølen 21. november 2009. Han oppnådde si fyrste inndividuelle pallplassering i verdscupen då han vart nummer tre i verdscupfinalen 2012, ei tevling som inkluderte fire renn, og som vart arrangert i Stockholm og Falun frå 14. til 18. mars 2012. Tidlegare i same sesongen var han med på Noregs vinnarlag i 4 x 10 km stafett i eit verdscuprenn i Nove Mesto i Tsjekkia.
Sesongen 2015 tok Dyrhaug si fyrste NM-medalje då han vart nummer to på 30 km, bak Petter Northug, under NM på Røros. Under Ski-VM 2015 i Falun gjekk han fyrste etappe for Noregs lag som vart verdsmeistrar i 4 x 10 km stafett. Med seg på laget hadde han Didrik Tønseth, Anders Gløersen og ankermann Petter Northug.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2009: Nr 12 på 30 km på Gjøvik Ski-NM 2010: Ski-NM 2011: Nr 7 på både 15 km og 30 km i Steinkjer Ski-NM 2012: Ski-NM 2013: Nr 8 på 30 km på Vang Ski-NM 2014: Nr 4 på 15 km i Molde Ski-NM 2015: Bronsemedalje på 30 km på Røros Ski-NM 2016: Bronsemedalje på 30 km i Tromsø Ski-NM 2017: Sølvmedalje på 30 km på Gran Ski-NM 2018: Sølvmedalje på 30 km i Alta Ski-NM 2019: Ski-NM 2020: Nr 9 på 15 km i Drammen Ski-NM 2021: Nr 5 på 10 km i Trondheim
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Niklas Dyrhaug» frå , den 28. februar 2015.
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015 Kategori:Folk frå Tydal