Barbara Orbison () var ein tyskfødd entreprenør, plateprodusent og enkja til den amerikanske musikaren Roy Orbison.
Då ho var 18 år gammal møtte ho Orbison i England. Dei gifta seg 25. mars 1969 i Hendersonville i Tennessee. I 1980-åra styrte ho karrieren til ektemannen og var leiande produsent for albumet In Dreams: The Greatest Hits i 1987, og for den kritikarroste fjernsynsskonserten som gjekk på lufta i januar 1988 og vart kalla Roy Orbison and Friends, A Black and White Night. Etter at ektemannen døydde den 6. desember 1989 tok ho over føretaket deira og byrja å marknadsføre musikken hans for yngre generasjonar. Saman med venen og artisten Jeff Lynne sette ho saman albumet King of Hearts i 1992. Ho var òg medprodusent for musikalen Only the Lonely: The Roy Orbison Story.Barbara Orbison obituary
I 2011 produserte ho Damien Leith-albumet Roy: A Tribute To Roy Orbison, som skulle lanserast på 75-årsdagen for Roy Orbisons fødsel.
Barbara Orbison låg på sjukehus frå mai 2011 til ho døydde den 6. desember 2011 av bukspyttkjertelkreft, på dagen 23 år etter ektemannens død. Ho vart gravlagd ved sidan av ektemannen i Westwood Village Memorial Park Cemetery i Los Angeles. Ekteparet hadde sønene Roy Kelton Orbison (f. 1970) og Alexander Orbison (f. 1974) i lag.Roy Orbison's widow dies of cancer
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Barbara Orbison» frå , den 5. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Barbara Orbison-intervju i timesonline.co.uk «Widow of Singer Roy Orbison,» minneord i Los Angeles Times
Kategori:Folk frå Bielefeld Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:Tysk-amerikanarar Kategori:USA-amerikanske filantropar Kategori:Døde av kreft