Paul David Hewson (), kjend under scenenamnet Bono, er ein irsk songar-låtskrivar, musikar, ventureinvestor, forretningsmann og filantrop. Han er mest kjend som frontmann i rockebandet U2 frå Dublin. Bono vart fødd og voks opp i Dublin og gjekk på Mount Temple Comprehensive School, der han møtte den framtidige kona si, Alison Stewart, og dei framtidige medlemmane av U2.; ; Bono har skrive nesten alle tekstane til U2, og nyttar ofte religiøse, sosiale og politiske tema.Stockman (2005) I dei tidlege åra til U2 hadde tekstane til Bono ein opprørsk og spirituell tone. Etter kvart som bandet vart eldre, har tekstane vorte meir personlege.

Utafor bandet har han samarbeidd og spelt inn musikk med mange andre artistar,Simon, S. (Host). (13 November 1993). Weekend Edition Saturday. Washington, DC: National Public Radio.Bono (10 August 1984). BONO, BOB AND VAN. Hot Press. og er direktør og partnar i Elevation Partners, og har pussa opp og eig Clarence Hotel i Dublin med The Edge.Elevation Partners. (2007). Introduction to Elevation Partners . Retrieved 4 July 2007.The Clarence Hotel. (Unknown last update). At the Clarence . Retrieved 4 July 2007. Bono er vidt kjend for aktivismen sin for Afrika, og han har vore med å starte DATA, EDUN, ONE Campaign og Product Red.Bono. (February 2006). Remarks at the National Prayer Breakfast. Speech presented at Hilton Washington Hotel at Washington, D.C. Han har organisert og spelt på mange konsertar for veldedige føremål og har møtt mange viktige politikarar.Booth, C. (23 June 1986). Conspiracy of Hope Tour. Time, 127.Wolinsky, D. (31 May 2005). DMB, U2 Lead Live 7 Shows. Rolling Stones. Retrieved 25 July 2007, from Rolling Stone . Bono har blitt hylla og kritisert for aktivismen og involveringa til U2.Mellgren, D. (24 February 2006). Bono Among Nobel Peace Prize Nominees. Associated Press. Henta 6. mars 2015, frå Bono Among Nobel Peace Prize Nominees.

Bono vart slått til riddar av Elizabeth II av Storbritannia for «tenestene sine i musikkindustrien og for det humanitære arbeidet sitt», og vart i lag med Bill og Melinda Gates kåra til årets person i Time i 2005."Honorary knighthood for U2's Bono". BBC News. (23 December 2006). Retrieved 14 January 2007[Unknown Author] (23 December 2006). Bono gets honorary knighthood. RTÉ News. Retrieved 14 January 2007, from RTE.Gibbs, N. (26 December 2005). The Good Samaritans . Time, 166. I 2013 vart Bono kommandør i den franske Ordre des Arts et des Lettres.

Filmar

År Film Rolle Merknader 1988 Rattle and Hum Bono Rockumentar 1998 The Simpsons Seg sjølv TV-serie; ein episode, «Trash of the Titans»1999 Classic Album Bono TV-serie; ein episode, «The Joshua Tree» Entropy Seg sjølv 2000 The Million Dollar Hotel Mann i hotellobby Cameo, manusforfattar, produsent Sightings of Bono Seg sjølv Kortfilm 2005 Entourage Seg sjølv TV-serie; ein episode, «I Love You Too» 2007 Rewind Bono Rockumentar Across The Universe Dr. Robert American Idol Seg sjølv TV-serie; «Idol Gives Back» 2008 U2 3D Bono 3D-konsertfilm 2009 Entourage Seg sjølv TV-serie; ein episode, «Give a Little Bit» Brüno Seg sjølv Mockumentar-komedie 2011 From the Sky Down Bono Rockumentar Anton Corbijn Inside Out Bono 2012 B.B. King – The Life of Riley Bono Dokumentar The Resurrection of Victor Jara Bono 2013 Muscle Shoals Bono Dokumentar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bono» frå , den 6. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

U2.com — Offisiell U2-side

Kategori:U2-medlemmar Kategori:Irske songarar Kategori:Irske forretningsfolk Kategori:Irske filantropar Kategori:Irske rockesongarar Kategori:Irske songar-låtskrivarar Kategori:Irske tenorar Kategori:Musikarar frå Dublin Kategori:Post-punk-musikarar Kategori:Alternative rockesongarar Kategori:Order of the British Empire Kategori:Ordre des Arts et des Lettres Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences Kategori:Æreslegionen Kategori:Golden Globe-vinnarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar Kategori:HIV/AIDS-aktivistar Kategori:Fattigdomsaktivistar