Viktorija Oleksandrivna Semerenkoukrainsk: Вікторія Олександрівна Семеренко, kjend som Vita Semerenko, () er ein ukrainsk skiskyttar frå Krasnopilija i Sumy oblast. Ho vann OL-gull på 4 x 6 km stafett, og har elles individuelt vunne fire bronsemedaljar i dei internasjonale skiskytingsmeisterskapane i tida 2011-14, samt to VM-sølv i stafett, 2008 og 2013. Også tvillingsystera Valj Semerenko er skiskyttar på høgste nivå.

Aktiv Under verdsmeisterskapen i Östersund i 2008 var ho og systera Valj med på det ukrainske stafettlaget som tok sølv, einast Tyskland vart for sterke. I same meisterskapen vart ho nummer fire på fellesstarten, ein prestasjon ho gjentok under VM i skiskyting 2009 i Pyeongchang i Sør-Korea.

Si fyrste individuelle bronsemedalje vann Semerenko på 15 km under VM 2011 i Khanty-Mansijsk. Både i 2012 og 2013 tok ho bronse på 7,5 km under skiskytings-VM i høvesvis Ruhpolding og Nove Mesto. Ved VM i Nove Mesto vann både ho og tvillingsystera bronsemedaljar på 4 x 6 km stafett.

Semerenko la under Vinter-OL 2014 i Sotsji beslag på tredjeplassen for trdje gong på rad på 7,5 km. Få dagar seinare gjekk ho fyrsteetappen på Ukraina sitt lag som vart olympisk meister på 4 x 6 km stafetti. Dei andre på gullaget var Julija Dzjyma, systera Valj Semerenko og ankerkvinna Olena Pidhrusjna.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Wita Semerenko» frå , den 7. mars 2015.

Kategori:Ukrainske skiskyttarar Kategori:Olympiske meistrar for Ukraina Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Ukraina Kategori:Ukrainske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Ukrainske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2014 Kategori:Ukrainske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2018