Barbara Hershey (), fødenamn Barbara Lynn Herzstein, tidlegare kjend som Barbara Seagull,Walker, Connecticut. «Barbara Seagull: The New Hollywood.» Parade magazine. 16. desember 1973 er ein prispåskjøna USA-amerikansk filmskodespelar. Ho har arbeidd i filmbransjen i snart 50 år, og har skildra ei rik mengd roller i både film og fjernsyn. Hershey har jobba i dei fleste genrar; alt ifrå westernfilmar til komediar. Skodespelaren var 17 år da ho hadde skodespeldebuten sin i 1965, men fekk ikkje anerkjenning blant kritikarar før på 1980-talet. På den tida blei ho kalla «ein av USA sine beste kvinnelege skodespelarar» av dagsavisa Chicago Tribune.Blair, Iain. «Barbara Hershey's Class Act» Chicago Tribune. 8. januar 1989, s. 4

Hershey vann Emmy-prisen og ein Golden Globe for innsatsen sin i TV-filmen A Killing in a Small Town (1990). Ho blei også tildelt Golden Globe-nominasjonar for beste kvinnelege birolle for skildringane sine som Maria Magdalena i Martin Scorcese sin Jesu siste fristelse (1988) og Serena Merle i The Portrait of a Lady (1996). For sistnemnde film blei ho også nominert til Oscar for beste kvinnelege birolle. I tillegg fekk ho to prisar fra filmfestivalen i Cannes for arbeidet sitt i filmane Shy People (1987) og A World Apart (1988).

Ho har elles blitt nominert til British Academy Film Awards («BAFTA-prisen») to gongar; i 1987 for rolla som Lee i Woody Allen sin filmsuksess Hannah og hennes søstre, og i 2011 for rolla som Erica Sayers i den psykologiske thrilleren Black Swan.Forsberg, Myra. «Film; Barbara Hershey: In Demand» The New York Times. 29. mars 1987 I sistnemnde film spelte ho mot Natalie Portman, og hadde rolla som hennar overbeskyttande mor. I eit intervju har ho sagt: «Eg trur [Erica] er ei åtvaring om kva [Portman si rolle] kan bli dersom ho ikkje følgjer draumen sin.» Ein filmmeldar i Bergens Tidende meinte Hershey spelte fælsleg, mens Filmpolitiet meinte i meldinga si at det finst teikn til seksuelt misbruk mellom Portmans og Hersheys roller. Ho blei nominert saman med resten av ensemblet bak Black Swan til ein Screen Actors Guild Award i 2010.

Barbara Hershey erfarte konfliktar mellom privatlivet sitt og filmkarrieren da ho fekk eit rykte som ein «hippie». Da ho var saman med skodespelaren David Carradine blei ho gravid, og på denne tida møtte ho mykje motgang. Ho fekk det nye artistnamnet Barbara Seagull som ho i ettertid angra på, og privatlivet hennar blei latterleggjort i offentlegheita.Arar, Yardena.Actress Barbara «Hershey Continues Hectic Screen Pace». Lawrence Journal-World. 31. oktober 1990. Det var ikkje før ho slo opp med Carradine og bytte artistnamnet sitt tilbake til Hershey at karrieren hennar slo gjennom.Wright, Fred. «David Carradine is Human-Honest!» The Evening Independent. 29. august 1974, S. 3-BScott, Vernon. Hollywood: «Welcome Home; Barbara Hershey». The Telegraph Gazette. 5. november 1975. På grunn av desse turbulente åra har ho ofte halde privatlivet sitt for seg sjølv.Lee, Luaina. «For Hershey, Acting Was Childhood Outlet». Reading Eagle. 16. mai 1990. S. 40

Filmografi (utval) 1969 - Last Summer 1972 - Boxcar Bertha 1983 - The Right Stuff 1986 - Hannah og hennes søstre 1988 - Jesu siste fristelse 1988 - A World Apart 1990 - A Killing In A Small Town 1993 - Falling Down 1993 - A Dangerous Woman 1996 - The Portrait of a Lady 2001 - Lantana 2010 - Black Swan

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske skodespelarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå California Kategori:Kvinnelege skodespelarar frå 1900-talet Kategori:Kvinnelege skodespelarar frå 2000-talet Kategori:USA-amerikanske skodespelarar frå 2000-talet