Verwallfjella er ei mindre fjellkjede i grenselandet mellom forbundslanda Vorarlberg og Tirol i Austerrike.
Fleire av toppane når over 3 000 meter over havet. Mange toppar har ei markant form, særleg dei i Vorarlberg. I motsetnad til den nærliggjande fjellkjeda Silvretta er området lite bredekt. Verwallfjella eignar seg godt for fjellvandrarar og fjellklatrarar på eit gjenommsnittleg nivå. Eit nett av turstiar gjer det mogleg med fleiredagars turar frå fjellhytte til fjellhytte.
mini|venstre|Utsyn over fjelldalen Malfontal og Verwallfjella, sett frå høgste toppen i fjellkjeda. mini|Fjellhytta Ascher Hütte med Hohe Riffler bak til venstre.
Fjelltoppar Hohe Riffler 3 168 moh Kuchenspitze 3 148 moh Küchlspitze 3 147 moh Blankahorn 3 129 moh Seeköpfe 3 061 moh Patteriol 3 056 moh Saumspitze 3 039 moh Kleine Riffler 3 014 moh Fatlarspitze 2 986 moh Scheibler 2 978 moh
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Verwallgruppe» frå , den 9. mars 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjellkjeder i Alpane Kategori:Fjellkjeder i Austerrike