Damn the Torpedoes er det tredje albumet til Tom Petty and the Heartbreakers, gjeve ut i 1979. Dette var det første av tre Petty-album som vart gjeve ut på Backstreet Records, distribuert av MCA Records. Albumet gjorde det særs godt og nådde andreplassen på Billboard 200-albumlista. I 2003 vart albumet rangert på 313. plassen (315. plassen i 2012) på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Bakgrunn og innspeling Platekontrakten til Petty vart flytta til MCA, då det førre selskapet hans, Shelter Records og distributøren ABC Records, vart seld til MCA i 1979. MCA tok over rettane til den publiserte musikken til Petty, noko som gjorde han rasande. Han svarte med å erklære seg konkurs som ein taktikk for å oppløyse kontrakten med MCA.Tom Petty, Runnin' Down a Dream (film), 2007 documentary, @1:08:00. Til slutt gav plateselskapet seg, og Petty forhandla ein avtale som let han få halde rettane til musikken sin og danne sitt eige selskap, Backstreet Records, produsert og distribuert av MCA. Albumet, som vart produsert i lag med Jimmy Iovine, vart spelt inn i Sound City Studios i Van Nuys og Cherokee Studios i Hollywood. Tittelen er ein referanse til eit kjent sitat av admiral David Farragut: «Damn the torpedoes, full speed ahead!». Alle innspelingane til Petty for Backstreet vart gjevne ut på ny på MCA i 1988.

Utgjeving og mottaking

Albumet vart det store gjennombrotet til Petty and the Heartbreakers. Det vart det første albumet deira som nådde topp 10 på albumlista i USA med ein andreplass, der låg dei i sju veker, berre hindra frå toppen av lista av Pink Floyd sitt The Wall). To songar frå albumet nådde topp 15 på Billboard Hot 100 i USA, «Don't Do Me Like That» (#10) og «Refugee» (#15). Takka vere den nye medprodusenten Jimmy Iovine, vart Damn the Torpedoes eit stort sprang framover når det kom til produksjon.

Albumet fekk generelt særs god kritikk. Den første meldinga i Rolling Stone kalla det «albumet me alle har venta på - i alle fall om ein er Tom Petty-fans.» Seinare meldingar har halde eg til denne trenden og kalla det «eit av dei beste rockealbuma gjennom tidene» og Rolling Stone sette det på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Innhald

Medverkande The Heartbreakers: Tom Petty – 6- & 12-strengsgitarar, solovokal og munnspel Mike Campbell – 6- & 12-strengsgitarar, slidegitar, klaverinstrument, trekkspel, elektrisk bass Benmont Tench – piano, organ, harmonium og vokal Ron Blair – elektrisk bass Stan Lynch – trommer og vokal

Studiomusikarar: Donald «Duck» Dunn – Fender bass på «You Tell Me» Jim Keltner (ikkje oppført) – perkusjon på «Refugee»

Andre medverkande: Jimmy Iovine – produsent Tom Petty – produsent Greg Calbi – mastering Shelly Yakus – lydteknikar John Mathias – assisterande lydteknikar Thom Panunzio – assisterande lydteknikar Gray Russell – assisterande lydteknikar Skip Saylor – assisterande lydteknikar Tori Swenson – assisterande lydteknikar

Plateomslag: Lynn Goldsmith – fotografi Dennis Callaghan – fotografi Aaron Rapoport – fotografi Glen Christensen – framsidefotografi Tommy Steele – kunstnarisk leiar

Lister

Vekeslister Liste PlasseringAustralian Album Chart15Canadian RPM Album Chart2Dutch Mega Album Chart27New Zealand1UK Album Chart57USA Billboard 2002

Årslister Liste (1980) PlasseringAustralian Album Chart53US Billboard Pop Album5

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Damn the Torpedoes» frå , den 11. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tom Petty-album Kategori:Backstreet Records-album Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Album produserte av Jimmy Iovine Kategori:Album produserte av Tom Petty Kategori:Universal Deluxe-utgåver Kategori:Mobile Fidelity Sound Lab-album 315 231