Dalia () er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Galilea kring 30 km søraust for Haifa, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 737.
Historie
Kibbutzen Dalia vart skapt då to samfunn knytt til Hashomer Hatzair slo seg til. Den første kibbutzen BaMa'ale, bestod av medlemmar frå Romania og Transilvania. Mange av dei fekk opplæring i jordbruk og industri i heimlanda sine, før dei emigrerte. Dei første immigrantane kom til Israel i 1933, og heldt seg hovudsakleg i Magdiel og Kfar Malal i Hadar Ramatayim. Dei arbeidde med jordbruk og forskjellige andre jobbar medan dei venta på løyve frå Jewish Agency til å slå seg ned permanent. Den andre kibbutzen, BaMifne i Karkur, bestod av medlemmar frå Tyskland. Før dei emigrerte, fekk dei fleste opplæring i jordbruk i Danmark, medan andre hadde studert i Tyskland, Frankrike og England. Dei første medlemmane immigrerte i 1933, medan andre kom til Bamifneh, busetnaden der dei ønskte å grunnleggje den nye kibbutzen sin. Avgjersla om å slå saman dei to kibbutzane vart gjort av leiinga av Hashomer Hatzair den 26. april 1939. Fleire dagar seinare, den 1. mai, slo dei to kibbutzane seg ned i Ramat Menashe for å byggje ein sjølvstendig kibbutz. I 1947 hadde landsbyen 320 innbyggjarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dalia (kibbutz)» frå , den 15. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1939 Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:1939 i Palestina Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel