Amuka () er ein fellesbusetnad nær Safed i Øvre Galilea nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune og er kalla opp etter den bibelske byen med same namn, som ein trur låg i dette området.

Samfunnet vart grunnlagt i 1980. Innbyggjarane lever av turisme og frie yrke. Nær samfunnet ligg gravstaden til rabbinaren Jonathan ben Uzziel, som enkelte meiner har spesielle krefter (segulot).

Ruinane av ein stor bygning ligg ovanom gravstaden til Jonathan ben Uzziel. Ruinane ligg aust i dalen der den arabiske landsbyen Ammuqa låg fram til han vart avfolka i 1948. På 1800-talet såg vitskapsmannen Geren «ei stor søyle og mange falne steinar - ruinar av ein gammal struktur, kanskje ei synagoge».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Amuka, Israel» frå , den 16. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel