Alma () er ein religiøs jødisk moshav i Øvre Galilea nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune.
Historie Alma vart grunnlagd den 1. september 1949 av immigrantar til Israel frå Libya. I 1953 kom ei gruppe jødiske konvertittar, kjend som jødane frå San Nicandro, frå Italia. Dei flytta seinare frå Alma til nærliggande moshavar. Etter at italienarane drog, kom cochin-jødar frå India.
I romartida, då området låg i provinsen Judaea, låg det ein jødisk by på denne staden. Namnet Alma er først nemnt i krossfarartida. Det jødiske samfunnet eksisterte fram til 1600-talet. Benjamin av Tudela vitja staden og då budde det 50 jødiske familiar i Alma.
Nær gravplassen til moshaven ligg ruinane av det som var ei synagoge, kanskje frå 200-talet. Ruinane er aldri blitt skikkelig undersøkt eller grave ut. I nærleiken ligg òg fleire graver, mellom anna grava til Eleazar ben Arach, og det som tradisjonelt vert rekna som grava til Eliezer ben Hurcanus.
Den nærliggande palestinske landsbyen Alma, som eig landområdet som moshaven Alma ligg på, vart øydelagd under den arabisk-israelske krigen 1948.
Geografi Alma ligg kring 600 meter over havet, i eit område kalla Almahøgdene, nær småelva Dishon. Dishon naturreservat ligg like ved landsbyen, og det same gjer den tsjerkessiske landsbyen Rehaniya.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alma, Israel» frå , den 16. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Cochini-jødar Kategori:Indisk diaspora i Israel Kategori:Italiensk diaspora i Israel Kategori:Libysk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel