Øyvind Mobakken () er ein tidlegare langrennsløpar frå Oslo som vann to individuelle bronsemedaljar under to ulike NM på ski, samt fire NM-gull i stafett.

Karriere Mobakken tevla frå junioralderen for Grorud Idrettslag, til dess han i 1991 melde seg inn i Nannestad Skiklubb. Frå 1993 til 1996 gjekk han fyrsteetappen på Nannestad sitt sigerrike lag som fire år på rad vann NM-stafetten over 3 x 10 km. Bjørn Dæhlie var også med på alle dei fire sigrane, Terje Smevold på dei tre siste.

Den beste plasseringa i verdscupen i langrenn oppnådde Mobakken med ein 13. plass på 30-kilometeren i Svenska skidspelen 1994. Etter stafettriumfane i NM vann Mobakken bronsemedaljen på tremila under NM på ski 1996 i Stryn, og på femmila under NM året etter. I 1997 var han 25 sekundar bakom noregsmeister, femmilsslukar Kristen Skjeldal i mål.

Mobakken la meir eller mindre opp i 1999.

Besteplasseringar i verdscuprenn 1992: Nr 52 på 50 km i Holmenkollen 1993: Nr 37 på 50 km i Holmenkollen 1994: Nr 13 på 30 km i Falun 1995: Nr 33 på 50 km i Holmenkollen 1996: Nr 21 på 15 km i Kavgolovo 1997: Nr 23 på 15 km i Falun 1997/98: Nr 19 på 10 km på Beitostølen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1991: Nr 6 på 50 km i Bodø Ski-NM 1994: Nr 6 på 10 km i Vegårshei Ski-NM 1995: Nr 9 på 30 km i Oslo Ski-NM 1996: Bronsemedalje på 30 km i Stryn Ski-NM 1997: Bronsemedalje på 50 km i Mo i Rana

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff Øyvind Mobakken i fis-ski.com

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Oslo