Kiryat Ata (hebraisk skrift ; òg Qiryat Ata, arabisk كريات آتا, Kiryāt ʾĀtā) er ein by i Haifa distrikt i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen mot slutten av 2009 50 700 innbyggjarar. Han er òg kjend under det tidlegare namnet Kfar Ata (hebraisk skrift ).

Historie Det er gjort arkeologiske undersøkingar i Khirbet Sharta, nordaust i byen, som syner spor av busetnad attende til bronsealderen, jernalderen, hellenstisk tid, Romarriket, Austromarriket og mamelukkane.

I 1283 vart han nemnd som ein del av området til krossfarane, i følgje hudnaen mellom krossfararane og mamelukk-sultanen Qalawun. På den tida vart han kalla Kafrata.al-Qalqashandi version of the hudna, referred in Barag, 1979, p. 207, no. 59

Byen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 og Kufrata stod oppførst i osmanske skattelister i 1596 i Akko nahiya i Safad liwa. Han bestod då av 15 hushaldningar, alle muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, frukttre, bomull, geiter og bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 193Note that Rhode, 1979, p. 6 writes that the Safad register that Hütteroth and Abdulfattah studied was not from 1595/6, but from 1548/9

I 1859 var folketalet estimert til 100.Conder and Kitchener, 1881, SWP I, p. 285 I 1875 vitja Victor Guérin staden og fann 50 hus i landsbyen.Guérin, 1880, p. 409 I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Kefr Ettameaning "Village of Etta", where Etta er ein personal name, according to Palmer, 1881, p. 110 som «ein liten adobelandsby, på ei slette, med ein vassbrunn i nord og oliven i aust.»

I folketeljinga i 1922 av dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Kufritta 400 innbyggjarar, sju kristne og 393 muslimar,Barag, 1923,Table XI, Sub-district of Haifa, p. 33 og talet minka i 1931 til 4 muslimar og 29 jødar, i alt 13 hushaldningar.Mills, 1932, p. 94 I 1945 var folkesetnaden i Kefar Atta (Kufritta) 1 690 jødar på eit område som dekte 6 kvadratkilometer.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, s. 48 Av dette var seks mål for sitrus og bananar, 39 mål for plantasjar og kunstig vatna land, og 1 527 mål for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 90 medan 3 591 mål var utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 140

Tidleg på 1900-talet vart landområde til den arabiske landsbyen Kefr Etta kjøpt av ei religiøs stifting frå Warszawa kalla Avodat Israel gjennom meklarar i American Zion Commonwealth. Avodat Israel grunnla Kfar Ata i 1925, som fekk namnet Kiryat Ata i 1965 då landsbyen vart slått saman med den nærliggande Kiryat Binyamin. Under opprøra i 1929 vart byen angripen og fråflytta. Eit år seinare kom innbyggjarane attande og bygde opp att samfunnet. Byen vart kjend for tekstilfabrikken Ata, oppretta i 1934 av Erich Moller.Ata: Factory, Fashion Dream

Økonomi Ata-fabrikken, som opna i 1934, vart eit ikon for tekstilindustrien i Israel. Han leid økonomiske problem i 1960-åra og vart nedlagd i 1985.When the guns fell silent, Haaretz

Klima Kiryat Ata har eit middelhavsklima med varme, tørre somrar, og kjølige og regnfulle vintrar. Den varmaste månaden er juli og den kaldaste februar. Det kjem sjeldan snø, men det vart registrert snø i 1950, 1992 og 1999. Årsmiddelnedbøren er 524 millimeter.

Demografi Ifølgje CBS var den etniske samansetnaden i 2001 99,8 % jødisk og andre ikkje-arabarar, utan ein større arabisk folkesetnad.

Idrett Den største fotballklubben i byen er Maccabi Ironi Kiryat Ata, som spelar på det andre nivået i israelsk fotball. Det lokale basketballaget, Elitzur Kiryat Ata, spelar på det øvste nivået i Israel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kiryat Ata» frå , den 7. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Kommunen si heimeside Beit Fischer bymuseum

Kategori:Byar i Israel Kategori:Krayot Kategori:Byar i Haifa distrikt