Pardes Hanna-Karkur (hebraisk skrift פַּרְדֵּס חַנָּה-כַּרְכּוּר) er ein by i Haifa distrikt i Israel. I 2009, hadde han eit folketal på 31 800.TABLE 3. - POPULATION(1) OF LOCALITIES NUMBERING ABOVE 2 000 RESIDENTS(2)
Historie mini|venstre|Beit Harishonim i Pardes Hanna mini|venstre|Pardes Hanna, 1938 I 1913 vart 15 kvadratkilometer land kjøpt av Hachsharat Hayishuv frå arabarar i Jenin og Haifa for 400 000 francs (ein sum som tilsvarar 2 millionar amerikanske dollar). To år seinare, vart landområdet seld til ein privat investor, Yitzhak Shlezinger, Odessa-komiteen og First London Ahuza. Dette landområdet vart kjernen i Karkur, moshaven Gan Hashomron og kibbutzen Ein Shemer. Fram til busetjinga faktisk byrjja, vart området verna av Hashomer, som planta eukalyptustre for å omgå ei tyrkisk lov som tillet osmanarane å ekspropriere land som ikkje hadde blitt dyrka i tre år.
Dei første busetjingane gjorde det ikkje så bra. Shlezinger gjekk konkurs og selde landområdet sitt til Jewish National Fund. London Ahuza håpte at engelske jødar skulle slå seg ned på landområdet, men klarte det berre delvis. Til slutt slo Jewish National Fund og London Ahuza seg saman og grunnla Karkur.
Pardes Hanna vart grunnlagd i 1929 av Palestine Jewish Colonisation Association og kalla opp etter Hannah Rothschild, dotter til Nathan Mayer Rothschild.
Den 6. april 1948 raida Irgun ein leir med den britiske arméen ved Pardes Hanna og tok livet av sju britiske soldatar og stal mange våpen.The Scotsman: 17th, 18th April.
Etter det israelske sjølvstendet, vart Neve Efraim grunnlagd av jødiske emigrantar frå Jemen og Neve Oved vart grunnlagd av Arbeidarrørsla.I tillegg kom mange jødar frå Mumbai i India, inkludert jødar frå Bahrain som flykta til Israel via Mumbai.
I 1950-åra vart landsbyane Tel Shalom og Neve Efraim slått saman med Pardes Hanna. Pardes Hanna og Karkur vart slått saman i 1969.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pardes Hanna-Karkur» frå , den 7. april 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1969 Kategori:1969 i Israel Kategori:Lokale kommunar i Haifa distrikt Kategori:Lokale kommunar i Israel