Nofit (hebraisk skrift נוֹפִית, tyder Naturven) er ein fellesbusetnad nord i Israel. Han ligg i Nedre Galilea og høyrer til Zevulun regionale kommune. I 2007 var folketalet 2 600.

Åtte familiar frå Haifa og Kerayot, som ønskte å starte ein fellesbusetnad i Galilea, grunnla landsbyen. Ideen og organisatoren for gruppa var arkitekten Zvi Springer som planla landsbyen. Initiativet vart koordinert i lag med staten, som godkjende ideen i 1982. Arbeid med infrastruktur byrja i 1984, medan bygginga av husa byrja i april 1986. Dei første innbyggjarane (179 familiar) flytta inn 9. november 1987. Landsbyen vart først kalla Pi Ner etter Ludwig Piner, leiar for Rassco, men vart seinare endra til Nofit.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nofit» frå , den 11. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1987 Kategori:1987 i Israel Kategori:Busetnader i Haifa distrikt