Wildflowers er det andre soloalbumet til Tom Petty, gjeve ut 1. november 1994. Albumet var det første Petty gav ut etter å ha fått kontrakt hos Warner Bros. Records (der han hadde vore som ein del av Traveling Wilburys) og det første av tre album produsert av Rick Rubin.

Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet mellom 1994 og 1995, den mest suksessrike var «You Don't Know How It Feels», som nådde 13. plassen på Billboard Hot 100 og toppa Album Rock Tracks-lista i ei veke.

Alle medlemmane i Heartbreakers er medverkande på albumet, utanom trommeslagaren Stan Lynch. Steve Ferrone speler trommer på Wildflowers og vart sidan med i bandet året etter. Albumet vart ikkje marknadsført som eit the Heartbreakers-album, fordi som Petty sa «Rick (Rubin) og eg ønskte begge meir fridom enn å vere knytte til fem karar».Petty, Tom: Conversations with Tom Petty, page 142. Omnibus Press, 2005. Petty valde likevel å nytte det meste av det faste bandet sitt som studiomusikarar. Rolling Stone plasserte Wildflowers på 12. plassen på lista si over dei beste albuma i 1990-åra. Guitar World sette albumet på 49. plassen på lista si kalla «Superunknown: 50 Iconic Album That Defined 1994».

Innhald

«Girl on LSD» vart òg spelt inn for albumet, men vart fjerna av Warner Bros. på grunn av teksten, og vart i staden gjeven ut som ei B-side til «You Don't Know How It Feels». Fleire songar på She's the One var opphavleg spelt inn for dette albumet. «Leave Virginia Alone» var ein annan song skriven og spelt inn under innspelinga av dette albumet, og vart gjeven til Rod Stewart for albumet A Spanner in the Works.

Medverkande Tom Petty – 12- og 6-strengs akustisk og elektrisk gitarar, munnspel, piano, orgel, vokal Mike Campbell – 6 og 12-strengs gitarar (bass, slide, elektrisk, akustisk), cembalo, coral sitar Benmont Tench – harmonium, piano, orgel, mellotron, zenon Howie Epstein – støttevokal, bass Steve Ferrone – trommer utanom på «To Find a Friend» Michael Kamen – orkestrering, dirigent Ringo Starr – trommer på «To Find a Friend» Lenny Castro – perkusjon Phil Jones – perkusjon John Pierce – bass Jim Horn – saksofon på «House in the Woods» Brandon Fields – saksofon på «House in the Woods» Greg Herbig – saksofon på «House in the Woods» Kim Hutchcroft – saksofon på «House in the Woods» Marty Rifkin – pedal steelgitar på «House in the Woods» Carl Wilson – korvokal på «Honey Bee»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wildflowers (Tom Petty album)» frå , den 14. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tom Petty-album Kategori:Musikkalbum frå 1994 Kategori:Album produserte av Rick Rubin Kategori:Album produserte av Tom Petty Kategori:Warner Bros. Records-album 214