__NOTOC__ Leptotila er ei biologisk slekt med ti artar i duefamilien, Columbidae. Utbreiingsområdet for slekta strekkjer seg frå nordlege Mexico til Bolivia og Uruguay.
Skildring Leptotila-duene når ei kroppslengd på mellom 25 og 31 centimeter, omtrent som ei turteldue eller ei lita bydue. Karakteristisk for utsjånaden er lange og fjørlause bein. Dette er dels bakkelevande artar der fjørdrakta stort sett er grå til brun. Felles for alle er ein raudbrun fargetone i undersida.Rösler, S. 210 Halen er kort i høve til kroppsstorleiken, og han har ti fjører. Bortsett frå dei to mellomste halefjørene, alle har ein kvit tupp. Karakteristisk for denne dueslekta er snøgge og nervøse rørsler av hovudet og halen.
Spekteret av føde for Leptotila er stort sett avgrensa til bær og frø. Alle artane i slekta legg berre to egg i kullet, og egga er kvite.
Dei fleste artane av Leptotila er klassifisert av IUCN som livskraftige artar. Likevel er grenadadue vurdert som ein kritisk truga art.BirdLife International (2014) Species factsheet: Leptotila wellsi. Henta frå http://www.birdlife.org den 27. april 2015 Populasjonen er estimert til berre ca. 130 individ og er minkande. Bestanden er fragmentert og lir òg av habitattap. For tida går det føre seg innsats for vern av arten, med sikte på at den ville populasjonen skal bli berekraftig.
Tolimadua, som lever i sentrale Andes i Colombia i høgder mellom 1600 meter og 2500 meter, er klassifisert av IUCN som truga. Populasjonsestimatet for denne arten er særs låg og arten er òg gjenstand for menneskelege inngrep som fører til habitatfragmentering.BirdLife International (2014) Species factsheet: Leptotila conoveri. Henta frå http://www.birdlife.org den 27. april 2015 Okerbukdua blir rekna som sårbar.BirdLife International (2014) Species factsheet: Leptotila ochraceiventris . Henta frå http://www.birdlife.org den 27. april 2015
Artslista Leptotila i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Krattdue, Leptotila verreauxi, White-tipped Dove , LC, Bonaparte, 1855 Karibdue, Leptotila jamaicensis, Caribbean Dove , LC, Linné, 1766 Gråbrystdue, Leptotila cassinii, Gray-chested Dove , LC, Lawrence, 1867 Tolimadue, Leptotila conoveri, Tolima Dove , EN, Bond & Meyer de Schauensee, 1943 Okerbukdue, Leptotila ochraceiventris, Ochre-bellied Dove , VU, Chapman, 1914 Blyhettedue, Leptotila plumbeiceps, Gray-headed Dove , LC, Sclater & Salvin, 1868 Gråpannedue, Leptotila rufaxilla, Gray-fronted Dove , LC, Richard & Bernard, 1792 Grenadadue, Leptotila wellsi, Grenada Dove , CR, Lawrence, 1884 Ecuadordue, Leptotila pallida, Pallid Dove , LC, Berlepsch & Taczanowski, 1884 Yungasdue, Leptotila megalura, Large-tailed Dove , LC, Sclater & Salvin, 1879
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Schallschwingentauben» frå , den 27. april 2015. Artikkelen oppgav mellom anna denne kjelda: Gerhard Rösler: Die Wildtauben der Erde – Freileben, Haltung und Zucht. Verlag M. & H. Schaper, Alfeld-Hannover 1996, ISBN 3-7944-0184-0.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Duefamilien Kategori:Fugleslekter