Fleetwood Mac, stundom kalla Peter Green's Fleetwood Mac, er debutalbumet til bandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1968. Albumet består av ei blanding av andre sine bluessongar og originale songar skrivne av gitaristane Peter Green og Jeremy Spencer, som òg deler på å syngje songane.
Albumet vart raskt ein suksess og nådde fjerdeplassen på albumlista i Storbritannia, og låg inne på lista i 37 veker, trass i at det mangla ein hitsingel. Albumet nådde berre så vidt albumlista i USA med ein 198. plass.
Ein utvida versjon av albumet vart inkludert i plateboksen The Complete Blue Horizon Sessions.
Innhald
1999-utgåva
* Bonus spor
Medverkande Peter Green – vokal, gitar, munnspel Jeremy Spencer – vokal, slidegitar, piano John McVie – bassgitar på alle spor utanom «Long Grey Mare» Bob Brunning – bassgitar på «Long Grey Mare» Mick Fleetwood – trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fleetwood Mac (1968 album)» frå , den 2. mai 2015. oppgav desse kjeldene: "British Hot Album» Paul Gambaccini, Tim Rice, Jonathan Rice (Guinness Publishing, 5th edition, 1992)
Kategori:Debutalbum frå 1968 Kategori:Album produserte av Mike Vernon Kategori:Blue Horizon Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Fleetwood Mac-album