Sar eller sommarsar (Satureja hortensis) er ein eittårig plante i leppeblomfamilien som blir brukt som krydderurt.
Planten blir 10–20 cm høg. Han har greinete stengel, smale blad og små, raudlege, lilla eller kvite blomar. Blada er sterkt aromatiske. Dei blir mellom anna brukt som krydder i pølser og andre kjøtvarer.
Sar stammar fra Asia, frå aust i Middelhavsområdet og område ved Svartehavet. Han blir dyrka som mat- og medisinplante i Europa og Nord-Amerika.
I Noreg er det gjort nokre få einskildfunn med mange års mellomrom.
Sjå òg Vintersar
Kjelder
«Sar» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 10. mai 2015.
mini|venstre|Botanisk illustrasjon av sar.
Bakgrunnsstoff Grieves, A Modern Herbal
Kategori:Urter