Portimão er ein by og kommune som ligg vest i Algarve, den sørlegaste regionen i Portugal. Han er ein hamneby som ligg der elva Arade munnar ut i Atlanterhavet, og er eit viktig tradisjonelt senter for fiske og skipsbygging. I nyare tid har Portimão også blitt ein viktig turistby. Han er den nest største byen i Algarve etter Faro.

Byen har eit folketal på 55 614 (2011)Instituto Nacional de Estatística i eit areal på 182,06 km².

Byen heitte tidlegare Vila Nova de Portimão (). I 1924 fekk han bystatus (cidade) og fekk namnet Portimão.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Portimão» frå , og «Portimão» frå den 26. mai 2015.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad O Portal de Portimão (portimao.net)

Kategori:Byar i Algarve Kategori:Kommunar i Algarve Kategori:Algarvekysten