Salvatore Antibo () er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Altofonte i provinsen Palermo. Han vart dobbelt europameister i 1990, på høvesvis 5000 og 10000 meter.

Aktiv Antibo fekk sin internasjonale meisterskapsdebut under friidretts-EM 1982, der han enda som sjettemann på 10 000 meter. Under Sommar-OL 1984 i Los Angeles vart han nummer fire på same distansen, slått med fire hundredels sekund av bornsevinnaren, Michael Musyoki frå Kenya.

Under friidretts-EM 1986 i Stuttgart var Antibo delaktig i den historiske triumfen for Italia på 10000 m. Han sprang då inn til bronsemedalje, 2-3 sekundar bak landsmennene Stefano Mei og Alberto Cova som tok gull- og sølvmedaljane.

Hausten 1988 vann Antibo sølvmedaljen på milløpet under dei olympiske sommarleikane i Seoul. Løpet, som gjekk i høgt tempo, vart vunne av marokkanaren Brahim Boutayeb vel to sekund før Antibo som sette italiensk rekord med 27.23,5. Den 29. juni 1989 forbetra han mil-rekorden til 27.16,5 under ein landskamp i Helsinki, der han drog med seg landsmannen Francesco Panetta til 27.24,1; enno 25 år seinare dei to beste tidene av Italeinske milløparar.

Også i 1990-sesongen heldt Antibo fram å prestere på høgste nivå. I juli sette han i Bologna italiensk rekord på 5000 meter med tida 13.05,5. Under europameisterskapen 1990 i Split, som vart avvikla på tampen av sommaren, vann han gullet på 10 000 m med nær 23 sekundars margin til sølvmannen, norske Are Nakkim. Fem dagar seinare vann Antibo spurten på 5000 m og tok eit nytt EM-gull, fire tidels sekund føre briten Gary Staines.

Antibo deltok i 1992 i si tredje olympiade, i spanske Barcelona sprang han inn til fjerdeplass på 10 000 meter, nett som i 1984.

Antibo vart kjend for å vere ein løpar som sprang i vekslande tempo, tidvis auka han farta monaleg, for så å sleppe tetfeltet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1982 i Aten: Nr 6 på 10 000 m – 28.21,0 VM 1983 i Helsinki: Nr 13 på 5000 m – 13.40,7 OL 1984 i Los Angeles: Nr 4 på 10 000 m – 28.06,5 EM 1986 i Stuttgart: Bronsemedalje på 10 000 m – 28.00,2 VM 1987 i Roma: Nr 16 på 10 000 m – 28.33,7 OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje på 10 000 m – 27.23,5, bakom Brahim Boutayeb (27.21,4) EM 1990 i Split: Gullmedaljar på 5000 m – 13,22,0, og 10 000 m - 27.41,2 VM 1991 i Tokyo: Nr 20 på 10 000 m – 28.52,4 OL 1992 i Barcelona: Nr 4 på 10 000 m – 28.11,3

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Salvatore Antibo» frå , den 3. juni 2015.

Bakgrunnsstoff

World Athletics

Kategori:Italienske langdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Italia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992