Amazilia er ei biologisk slekt av kolibriar i underfamilien Trochilinae. Dei lever i Sentral-Amerika og vestlege Colombia og Ecuador.

Slekta Amazilia vart introdusert i 1843 av den franske naturforskaren René Lesson. Lesson hadde brukt amazilia i 1827 som det spesifikke tilnamnet til amaziliakolibrien som no er den einaste arten plassert i slekta Amazilis. Typearten vart deretter utpeika som kanelkolibri, Amazilia rutila. Slektsnamnet Amazilia kjem frå inkaheltinna i romanen Les Incas, ou la destruction de l'Empire du Pérou av Jean-François Marmontels.

Tidlegare inkluderte denne slekta mange fleire artar. Ein molekylær fylogenetisk studie publisert i 2014 fann at den store slekta var polyfyletisk. I den reviderte klassifiseringa for å lage monofyletiske slekter vart artar flytta til Leucolia, Saucerottia, Amazilis, Uranomitra, Chrysuronia, Polyerata, Chionomesa, Elliotomyia og Chlorestes.

Skildring Dette er mellomstore kolibriar, kroppslengda er ca. 9 til 11 centimeter inkludert nebbet. Dei fleste har raud farge i nebbet, oftast i undernebbet, men hos nokre artar òg gjennom heile nebbet unntatt tuppen som alltid er mørk. Alle manglar sterkt iriserande strupeflekk som ein finn i mange andre kolibrislekter.

Artslista Amazilia i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.

Kanelkolibri, Amazilia rutila, Cinnamon hummingbird, (Delattre, 1843), (LC) Lever mot stillehavskysten av Sentral-Amerika, nokre på nordaustre Yucatánhalvøya. Yucatánkolibri, Amazilia yucatanensis, Buff-bellied hummingbird, (Cabot, S, 1845), (LC) Hekkar og overvintrar på Yucatánhalvøya og mot golfkysten av Mexico, delar av populasjonen overvintrar nordvestover i sørvestlege USA. Rusthalekolibri, Amazilia tzacatl, Rufous-tailed hummingbird, (de la Llave, 1833), (LC) Lever frå Mexico gjennom Sentral-Amerika og i vestre delar av Colombia og Ecuador. Honduraskolibri, Amazilia luciae, Honduran emerald, (Lawrence, 1868), (VU) Finst sparsamt i Honduras. Mangrovekolibri, Amazilia boucardi, Mangrove hummingbird, (Mulsant, 1877), (EN) Finst i mangrovar på stillehavskysten av Costa Rica.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kolibrifamilien Kategori:Takson namngjevne av René-Primevère Lesson Kategori:Fugleslekter