Per Hilleren () var ein norsk forfattar og predikant. Han vaks opp i Sogndal og flytta seinare mykje, han var mellom anna også busett i Brekke i Gulen, Balestrand og Vadheim i Høyanger, forutan eit par stader på Austlandet. Hilleren var i ein kort periode redaktør for lokalavisa Syngabladet som kom ut i Sogndal i 1967. Han var sterkt engasjert i kristeleg lagsarbeid, han var mellom anna ei tid tilsett ved Blå kors i Bergen og han reiste også som forkynnar for kristelege organisasjonar.
Per Hilleren gav ut om lag 50 bøker frå debuten i 1928 med Kveldssol. Eit prosadikt. Ofte er kampen mellom det lyse og det mørke tema. Mange bøker er gitt ut i fleire opplag og på fleire språk. Gjennombrotet kom i 1939 med romanen Gull og kjærlighet som var eit oppgjer med Hitler og nazismen. Dei fleste utgjevingane til Hilleren har vore i romanform, men han har også gitt ut novellesamlinga Medan heggen blømer, og nokre av føredraga hans kom i bokform i Tid og rødmer.
Hilleren sine verk har ein kristen grunntone. Religiøse brytningar i einskildmennesket og bygdesamfunnet er viktige tema. Ein finn også naturskildringar i bøkene hans. Rachel frå 1959 er ein roman frå det nye Israel. Romanen Det blåser på heia frå 1947, skildrar vekkingane på Vegårshei i siste halvdel av 1800-talet. Den sjølvbiografiske Minneskog fortel om livet som forfattar og forkynnar. Han har også skrive bøker for barn.
Bibliografi Bøker 1928 – Kveldssol : eit prosadikt (Sogndal) 1931 – Nyrenning (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no
1936 – I motvind og bør (Bergen: Den indre sjømannsmisjon) 1936 – Rusta strenger (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no 1936 – Gutane på Holbråten : fortelling (Oslo: Gry) I fulltekst ved nb.no 1937 – Det syng i Skarvenuten (Bergen: Gry) I fulltekst ved nb.no 1937 – Det fagre liv (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no
1939 – Medan heggen blømer (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no
1946 – Storbragd i fjellet (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no 1947 – Det blåser på heia : folkelivsskildringer fra vekkelsene på Vegårshei i 1870-80 (Oslo) I fulltekst ved nb.no 1948 – Under blånende breer (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no 1949 – Strengene (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no 1951 – Nattens kvite blomst : roman (Oslo: De unges forl.) I fulltekst ved nb.no 1953 – Skapningen lenges (Oslo) 1953 – Tempelskogen (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no 1954 – Solfjellet (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no 1956 – Fagre jord (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no
1962 – Mot blå kveld : roman (Bergen) I fulltekst ved nb.no 1964 – Bergljot (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no 1965 – Når det døde tre blomstrer (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no 1965 – Sangen fra fjellet (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no 1966 – Alltid en ny vår (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no 1966 – Malla Mo : ett fascinerande missionärsöde (Jönköping: Samförlaget) 1966 – Adresse Afrika : Malla Mo : en eventyrskikkelse (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no 1967 – Grønt lys (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no 1968 – Hasselberget : roman (Oslo) I fulltekst ved nb.no 1968 – Tid og rømder (Oslo: Ansgar) 1969 – Profetnøkkelen : Israel og nasjonene (Oslo) I fulltekst ved nb.no 1970 – Over åsens ring (Oslo: Royal forl.) I fulltekst ved nb.no 1971 – Rachel Gan Shalom (Oslo: Filadelfiaforlaget) I fulltekst ved nb.no 1972 – Når sola står i Ørneskar (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no 1972 – Nyskapt jord (Oslo: Filadelfiaforlaget) I fulltekst ved nb.no 1973 – Blå kveld (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no 1974 – Min fars hus (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no
1978 – Damaskusporten (Oslo: Filadelfiaforlaget) I fulltekst ved nb.no 1979 – Støv fra Eden (Oslo: Ansgar) I fulltekst ved nb.no 1981 – Gjengjeldelsen (Oslo: Filadelfiaforlaget) I fulltekst ved nb.no 1981 – Minneskog (Oslo: Filadelfiaforlaget) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff
Om Per Hilleren i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Om Per Hilleren i Allkunne
Gravminner i Norge
Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske kristne predikantar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Folk frå Luster Kategori:Forfattarar frå Luster Kategori:Forfattarar frå Sogndal