Modi'in-Maccabim-Re'ut (hebraisk skrift מוֹדִיעִין-מַכַּבִּים-רֵעוּת) er ein by som delvis ligg i Israel og delvis i ingenmannsland mellom Israel og den israelskokkuperte Vestbreidda.«European Union: Parts of Modi'in do not belong to Israel», haaretz.com Han vart grunnlagd i 2003 då Modi'in og Maccabim-Re'ut vart slått saman. Modi'in ligg kring 35 km søraust for Tel Aviv og 30 km vest for Jerusalem, og har samband til desse via hovudveg 443. I 2008 var folketalet 75 000.«Was building city of Modi'in a mistake?», haaretz.com

Etymologi Namnet «Modi'in» kjem frå landsbyen «Modi'im» av høgstepresten Mattathias og dei fem sønene hans, som låg i området som den moderne byen ligg. Namnet «Maccabim» er hebraisk for makkabearane og er eit vanleg kallenamn for Mattathias og dei fem sønene hans.

Historie mini|Tre mogelege stader for den historiske Modi'in.

Modi'in Det gamle Modi'in var staden det jødiske hashmoneiske dynastiet oppstod. Dei regjerte over Judea i det første og andre hundreåret fvt., og er staden der Makkabearopprøret mot dei greske selevkidane starta.

Dagens Modi'in ligg på staden nær den gamle Modi'in som vart skildra i Talmud, men den eksakte plasseringa er uviss. Mogelege stader er Suba, Umm el-'Umdan nær Hovudveg 20 til Canada Park og Latrun, al-Midya og Khirbet el-Burj (Titura).Shimon Gibson, ASOR Newsletter 49-1 (1999) s. 16-17Josva Schwartz, Lod (Lydda), Israel: from its origins through the bysantinsk period, 5600 fvt. - 640 C.E, Oxford University Press, 1991, s. 61-63.

Bygginga av dagens Modi'in starta i 1993. Han er ein moderne planlagd by med høg standard for byplanlegging. Miljøsaker og framtidi vekst vart teken omsyn til tidleg i planlegginga. Grøne område var ein del av byplanen og utgjer 50% av området innafor bygrensene. Det langvarige målet er å få innbyggjartalet opp i 240 000. Så langt er det godkjend planar for 120 000 innbyggjarar.

Modi'in har vorte ein magnet for innbyggjarar i Jerusalem som er misnøgd med det veksande Haredi-preget til hovudstaden.Was building city of Modi'in a mistake? Tusenvis av innbyggjarar frå Rosh HaAyin, Lod og Ramla har òg flytta til Modi'in. I 2008 vart det avgjort å stoppe veksten til Modi'in slik at Lod og Ramla kunne få utvikle seg. Byen vart planlagt av den kjende arkitekten Moshe Safdie.

Maccabim-Re'ut Prosjektet som grunnla Maccabim i 1985 vart leia av den internasjonale Maccabi-organisasjonen, medan den nærliggande Re'ut vart grunnlagd i 1987 av offiserar frå Det israelske forsvaret. Stadane vart slått saman til Maccabim-Re'ut i 1990.

Venskapsbyar Modi'in-Maccabim-Re'ut er venskapsby med: Hagen i Tyskland sidan 1997 Banja Luka i Bosnia-Hercegovina sidan 2010 Haikou i Hainan provins i Kina, sidan 2013.中国地方政府代表团访问以色列

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Modi'in-Maccabim-Re'ut» frå , den 25. juni 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad

Kategori:Byar i Israel Kategori:Modi'in Kategori:Byar i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1993 Kategori:2003 i Israel