Elyakhin (hebraisk skrift אֶלְיָכִין) er ein by (lokal kommune) i Sentral-Israel i Israel. Han ligg like sør for Hadera og grensar til Emek Hefer regionale kommune. Han har tilkomst via den lokale vegen 5812. Folketalet i Elyakhin mot slutten av 2008 var 2 900 og byen dekte kring 1600 mål.

Historie Elyakhin vart grunnlagd i 1950 som ein ma'abara nær ruinane av den arabiske landsbyen Zalafa. Han har eit symbolsk namn som tyder «Gud skal førebu». Dette viser til at Gud skal førebu landområdet for busetnad for folk som gjer aliyah.

Geografi Elyakhin grensar til Hadera i nord og Heferdalen regionale kommune i sør. Nærliggande landsbyar i den regionale kommunen er Herev Le'et, Hibat Tzion og Givat Haim (Ihud). Elyakhin ligg i snitt kring 30 meter over havet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Elyakhin» frå , den 6. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:1950 i Israel