mini|Grunnplan over eit karavanserai.
Karavanserai eller karavane-serai (tyrkisk karvansary, frå persisk كاروانسرا, i arabisktalande område kalla khan eller funduq) viser til offentlege gjestestader for karavanar i Nord-Afrika og Midtausten, særleg langs Silkevegen. Karavanserai kunne husa folk og dyr som gjekk langs handelsrutene i Asia, Afrika og Søraust-Europa. Dei var viktige senter for utveksling av varer og informasjon.
mini|venstre|Karavanserai i Karaj i Iran.
Både ordet «karavane» og «serai» er av persisk opphav og er eigne lånord i norsk.
Kjelder
«karavane-serai» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 7. juli 2015.
Denne artikkelen bygger på «Caravanserai» frå , og «Karavanserai» frå den 7. juli 2015.
Kategori:Ord av persisk opphav Kategori:Gjestehus Kategori:Handel Kategori:Silkevegen Kategori:Islamsk arkitektur