GNOME (GNU Network Object Model Environment) er eit skrivebordsmiljø for Linux og Unix-liknande operativsystem.

Opphavleg var KDE det einaste tilgjengelege skrivebordsmiljøet. Mange såg det som eit problem at KDE var knytt til Qt-verktøya, som då ikkje var gjeve ut under GPL-lisensen. GNOME-prosjektet vart difor skipa i august 1997 av Miguel de Icaza og Federico Mena.

I staden for Qt bruker GNOME GTK+, som er under LGPL-lisensen. GTK+ var opphavleg utvikla for eit anna programvareprosjekt, The Gimp, som er eit biletmanipuleringsprogram.

Viktige GNOME-program Nautilus – filhandsamar Epiphany – nettlesar Evolution – e-postlesar og kalenderverktøy Gnumeric – rekneark Abiword – teksthandsamar Evince – dokumentlesar F-Spot – fotohandsamar Pidgin – lynmeldingsklient (aMSN, ICQ, Jabber, IRC, etc) Totem – medieavspelar Rhythmbox – program til å høyre på og organisere lydfiler og nettradio GIMP – GNU biletmanipuleringsprogram Inkscape – program for å lage vektorgrafikk gedit – teksthandsamar GNUCash – program for å handtere personlege finansar GnomeBaker – brenneprogram for CD og DVD

Sjå òg KDE Xfce X vindaugssystem Vindaugshandsamar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

GNOMElook (tema, bakgrunnar med meir) GnomeFiles, oversikt over programvare laga for GNOME

Kategori:Skrivebordsmiljøet GNOME Kategori:Linux Kategori:Fri programvare Kategori:Open kjeldekode