Meroe (meroittisk Medewi eller Bedewi; arabisk مرواه, Meruwah og مروى, Meruwi; gammalgresk Μερόη, Meróē) er ein oldtidsby ved austbreidda av Nilen i Sudan. Han var hovudstad i Kusjriket i fleire hundreår. Byen ligg rund 6 km nordaust for Kabushiya stasjon ved Shendi, rundt 200 km nordaust for Khartoum. Nær staden ligg ei landsbyklynge som heiter Bagrawiyah. Pyramidane, tempel og slott og restar etter keramikk- og jernproduksjon ber vitne om eit rikt og mektig rike. I 2011 blei Meroe teke med på UNESCO si liste over verdsarv.

mini|venstre|Pyramidar i Meroe. Meroe blei grunnlagd på 700-talet f.Kr. Han blei kongeleg bustad på 600-talet f.Kr. På 500-talet blei hovudstaden for kongeriket flytta hit frå Napata lengre nord. Grunnar kan vera trugsmålet frå Egypt i nord, eller dei rike jernførekomstane ved Meroe. Frå 200-talet f.Kr. blei dei fleste kongelege i Kusjriket gravlagde her, fleire av dei i pyramidar. I 335 blei Meroe erobra og øydelagd av kong Ezana av Aksum.

Byen hadde ein omfattande jernproduksjon. Ved ruinane ligg høge slagghaugar som framleis vitnar om ein av dei største jernprodusentane i oldtida.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Verdsarv i Afrika Kategori:Sudansk historie Kategori:Kusjriket Kategori:Arkeologiske funn i Sudan