«Over My Head» er ein softrocksong framført av det engelsk-amerikanske bandet Fleetwood Mac. Songen vart skriven av klaverspelaren og songaren Christine McVie. I september 1975 vart «Over My Head» gjeven ut som den første singelen frå albumet Fleetwood Mac. Han vart den første songen til bandet som fekk hit-status i USA og nådde 20. plassen på Billboard Hot 100 tidleg i 1976. Suksessen var medverkande til at albumet etter kvart selde åtte millionar eksemplar.

McVie har sagt at ho skreiv songen på eit berbart Hohner elektrisk piano i ein liten leilegheit i Malibu i California, der ho og den dåverande ektemannen, John McVie (bassisten i Fleetwood Mac), budde etter konsertturneen for å marknadsføre det førre albumet, Heroes Are Hard to Find, var over.The Penguin Website Lyric Interpretation, «Over My Head" Teksten til songen verkar å referere til problema i ekteskapet deira, som enda med skilsmisse i 1976.

Singelversjonen av songen vart miksa på ny i ein forkorta versjon som ganske forskjellig frå albumversjonen. Denne versjonen skil seg frå ein brå start (albumversjonen vart tona inn), høgare gitarklimpring i refrenga og mindre vokalarbeid. I tillegg vart singelversjonen tona ut under før albumversjonen. I tillegg er singelversjonen miksa i mykje smalare stereo (nesten mono). Det er denne singelversjonen som finst på samlealbumet The Very Best of Fleetwood Mac. Singelversjonen vart songen finst òg som bonusspor på CD-utgåva frå 2004 av Fleetwood Mac.

Medverkande Mick Fleetwood - trommer, bongotrommer John McVie - bassgitar Christine McVie - orgel, solovokal Lindsey Buckingham - elektrisk- og akustisk gitarar, korvokal Stevie Nicks - korvokal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Over My Head (Fleetwood Mac song)» frå , den 21. juli 2015. oppgav desse kjeldene: The Great Rock Discography. Martin C.Strong. Page 378. ISBN 1-84195-312-1

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Songar skrivne av Christine McVie Kategori:Songar produserte av Keith Olsen