Romário de Souza Faria (), kjend som Romário, er ein brasiliansk politikar og tidlegare fotballspelar, fødd i Rio de Janeiro. Han vart verdsmeister i fotball med Brasil sitt landslag under VM i fotball 1994.
Karriere Fotball Romário spelte på ei mengd klubbar i inn- og utland i tida 1985-2008. Lengst spelte han for nederlandske PSV Eindhoven, der han i tida 1988-93 skåra heile 98 mål på 109 seriekampar. Han slo gjennom for CR Vasco da Gama, ein klubb han representerte både i 1985 og i 2008. Elles spelte han for FC Barcelona frå 1993 til -95, og for Rio-klubbane Flamengo og Fluminense, i tillegg til fire utanlandske klubbar i fire ulike land.
Romário debuterte for Brasil i 1987 og spelte sin 71. og siste landskamp i 2005. Han skåra heile 55 landslagmål. Høgdepunktet kom då Romário var ein sentral spelar for Brasil under fotball-VM 1994 i USA, ein meisterskap som enda med at Brasil sikra seg sin fjerde VM-tittel i fotball.
Politikk I fireårsperioden 2011-15 representerte Romário de Souza delstaten Rio de Janeiro i det brasilianske nasjonalforsamlinga. Han vart vald inn for det brasilianske sosialistpartiet, Partido Socialista Brasileiro, og hadde sete i representanthuset. Ved valet i 2014 stilte han som kandidat til senatet og vart vald med overveldande margin. Han tok plass i det brasilianske sentatet 1. februar 2015.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Romário» frå , den 24. juli 2015.
Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Brasilianske politikarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Flamengo-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994