Kfar Mordechai (hebraisk skrift כְּפַר מָרְדְּכַי) er ein landsby sentralt i Israel, kring 30 kilometer sør for Tel Aviv, mellom Ashdod, Gedera og Yavne. Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av britiske og sørafrikanske jødar og av somme tidlegare kibbutz-medlemmar, nær ruinane av ein palestinsk-arabisk landsby kalla Bashshit. Han er kalla opp etter Mordechai Eliash, den første israelske ambassadøren i Storbritannia.
Kfar Mordechai er ein del av Gederot regionale kommune, som òg omfattar landsbyane Asseret, Meishar, Shdema, Misgav Dov, Kfar Aviv og Gan Hadarom.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Kfar Mordechai» frå , den 25. juli 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Britisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Jordbruksunionen Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Sørafrikansk diaspora i Israel