Lia Manoliu () var ein rumensk friidrettsutøvar frå ș som deltok i samtlege seks sommarleikar i tidsrommet 1952-72, og vart olympisk meister i diskoskasting i 1968.
Aktiv Manoliu vart nummer seks i diskoskasting under dei olympiske leikane i Helsinki i 1952. Under Sommar-OL 1960 i Roma tok ho leiinga med eit kast på 52,36 m, og enda opp med bronsemedaljen. Fire år seinare vann ho i Tokyo endå ein OL-bronse, då med eit kast på 56,96 m.
Framom 1968-sesongen vart Manoliu vraka av det rumenske friidrettsforbundet, og ho måtte trene på eiga hand. Ho kvalifiserte seg til Sommar-OL i Mexico, der ho småskadd smelte til med 58,28 meter i den fyrste omgangen, eit kast som skulle vise seg å halde til olymisk gull.
Manoliu la opp etter 1972-sesongen. Hennar aller lengste diskoskast målte 62,06 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1952 i Helsinki: Nr 6 - 42,65 m EM 1954 i Bern: Nr 7 - 43,86 m OL 1956 i Melbourne: Nr 9 - 43,90 m OL 1960 i Roma: Bronsemedalje - 52,36 m, bakom Tamara Press (52,59 m) EM 1962 i Beograd: Nr 14 - 45,02 m OL 1964 i Tokyo: Bronsemedalje - 56,96 m, bakom Ingrid Lotz (57,21 m) EM 1966 i Budapest: Nr 13 - 49, 44 m OL 1968 i Mexico by: Gullmedalje - 58,28 m, framom Liesel Westermann (57,76 m) EM 1969 i Aten: Nr 4 - 57,38 m EM 1971 i Helsinki: Nr 13 - 52,26 m OL 1972 i München: Nr 9 - 58,50 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lia Manoliu» frå , den 2. august 2015.
World Athletics
Kategori:Rumenske diskoskastarar Kategori:Olympiske meistrar for Romania Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Romania Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972