mini|Okeanida Doris på ein hippokampos. Relieff frå 100-talet f.Kr. mini|Okeanider måla av Gustave Doré på 1860-talet. Okeanider (Okeanos-døtrene) er ei gruppe hav- eller vassnymfer i gresk mytologi. Dei er døtrer av titanane Okeanos, ei lekamleggjering av urstraumen som omsluttar verda, og Tethys, opphavet til ferskvatn.

Okeanidene er ein type undriner - kvinnelege, menneskeforma vesen som lever i hav og vatn. Ifølgje Hesiod finst det 3000 av dei, og dei finst over heile verda og i havdjupnene.Hesiod, Theogonien, 346 ff Andre opprekningar gjev lågare tal; Hyginus nemner til dømes berre 17.Fabulae Brørne deira er også mange i talet og er vernegudar for elver.

Mange av okeanidene er knytt til havguden Poseidon. Det blir fortald at på dagar med solskin kunne ein få glimt av okeanider på havflata. Dei køyrde i skumsprutande vogner trekte av hippokamposar og pynta med blomar og kransar.

Det var vanleg for sjøfolk å tilbe okeanider med offer for å verna seg mot uvêr og ulukke på havet. Argonautane ofra mjøl, olje, honning og okser til dei før dei la ut på ferda si for å henta det gylne skinnet.

Okeanider i nyare tid Den finske komponisten Jean Sibelius skreiv eit orkesterverk kalla Aallottaret (Okeanidene) i 1914. The Oceanides (Aallottaret), tone poem for orchestra, Op. 73, Allmusic

Enkeltokeanider Amfitrite, kona til Poseidon, blir nemnd anten som ei okeanide eller ei nereide. Asia, kona til Iapetos og mor til Atlas, Promethevs, Epimethevs og Menoitios. Doris, gudinne for rikdommen frå havet Evrynome, ei elvegudinne og tredje kona til Zevs Kalypso, som er kjend frå Odysseen Klymene, kona til Iapetos Metis, ei visdomsgudinne og den første kona til Zevs Nemesis Pleione, mor til Pleiadane Rhode, Rhodea eller Rhodia, gudinne for Rhodos Telesto, ei havgudinne som lekamleggjorde gudesigning og suksess Tyche, ei lukkegudinne Styx, knytt til elva i underverda

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nymfer Kategori:Havgudar