«Love in Store» er ein song av den britisk-amerikanske rockegruppa Fleetwood Mac. Songen er opningssporet på albumet Mirage frå 1982. «Love in Store» vart skriven av Christine McVie og Jim Recor, og vart den tredje singelen frå albumet i USA. Singelen kom ut i november 1982 og nådde 22. plassen på singellista i USA. Christine McVie syng solovokal på songen med harmonivokal av Stevie Nicks og korvokal av Lindsay Buckingham.

I Storbritannia vart ein annan song frå Mirage, «Oh Diane», gjeven ut som den tredje singelen i staden for og vart ein hit der. «Love In Store» vart ikkje gjeven ut som singel i Storbriannia, men han kom ut i somme andre europeiske land.

Songen er med på den amerikanske versjonen frå 2002 og den britiske versjonen frå 2009 av The Very Best of Fleetwood Mac.

Medverkande Mick Fleetwood - trommer, tamburin, güiro John McVie - bassgitar Christine McVie - elektrisk piano, orgel, synthesizer, solovokal, korvokal Lindsey Buckingham - elektrisk gitar, akustisk gitar, korvokal Stevie Nicks - korvokal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Love in Store» frå , den 12. august 2015. oppgav desse kjeldene: The Great Rock Discography. av Martin C. Strong. Side 378. chartstats.com Fleetwood Mac.

Bakgrunnsstoff Chart Stats.com. UK chart information. Offisiell nettstad.

Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Songar skrivne av Christine McVie Kategori:Songar produserte av Ken Caillat Kategori:Songar produserte av Richard Dashut