Halvard Hanevold () var ein norsk skiskyttar frå Asker. Han var dobbelt verdsmeister og dobbelt olympisk meister i skiskyting.
Karriere Hanevold si karriere profitterte på den radikale forynginga av det norske landslaget vinteren 1994. Sjølv om det ikkje vart nokon suksess i OL på Lillehammer bygde lagleiinga vidare på ungdomen, og i 1995 kunne Hanevold feira sin første verdsmeistertittel i den no avskaffa lagkonkurransen (saman med Frode Andresen, Dag Bjørndalen og Jon Åge Tyldum.) Han betra seg stadig, og har sidan 1996 alltid vore mellom dei 30 beste i verdscupen (beste plassering: 4. plass i 2003/04).
Tidleg i 1998 vann han sin første verdscupsiger i Antholz (Anterselva), to månader seinare vann han overraskande gull på 20 km i OL i Nagano, der han på siste runden tok knekken på italienaren Pieralberto Carrara. Veka etter kom sølvmedaljen på stafetten. Suksess-sesongen vart komplett med gull i lagkonkurransen i VM.
Frå 1998 til 2000 vann Hanevold fem verdscupsigrar til. I OL i Salt Lake City i 2002 vann han på nytt OL-gull med stafettlaget, men den neste individuelle sigeren kom ikkje før i VM i Khanty-Mansijsk i 2003, der han vann gull på 20 km.
I 2003/04-sesongen vann han i to etterfylgjande renn, kom på sigerspallen fem gonger og vann sølv i stafetten i VM. I VM i 2005 vann han på nytt gull på stafetten (saman med Ole Einar Bjørndalen, Stian Eckhoff og Egil Gjelland. I Torino i 2006 deltok han i sitt fjerde vinter-OL, og tok ein sølv- og ein bronsemedalje.
Hanevold var utdanna sivilingeniør.
Kortfatta merittliste Verdscupen samanlagt: 4. plass (2003/04-sesongen) Verdsmeisterskap: 4 gull (1 individuelt), 3 sølv, 3 bronse Olympiske leikar: 3 gull (1 individuelt), 2 sølv, 1 bronse Verdscuprenn: 9 enkeltsigrar
Kjelder
Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Kongepokalvinnarar i skiskyting Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Noregsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1994 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1994 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1995 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1999 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2000 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2001 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2002 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2004 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2005 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2006 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2007 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2008 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2009 Kategori:Folk frå Askim