Avihayil (hebraisk skrift אֲבִיחַיִל, tyder Styrkens far) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nordaust for Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 1 394.
I 1921 slo veteranar frå Den jødiske legionen under den fyrste verdskrigen seg ned i eit ørkenområde som dei fekk av dei britiske mandat-styresmaktene nordaust i Negev, nær Tel Arad. Busetnaden vart fråflytta då dei ikkje fann vatn.
Ein ny landsby vart grunnlagd i Heferdalen den 19. juli 1932 på eit audeområde med sanddyner, eigd av Jewish National Fund.
I 1946 vart Avihayil slått saman med ein nærliggande moshav, Ein HaOved. Grunnleggjarane var immigrantar frå Canada, Russland og USA, i tillegg til fleire innfødde israelarar. I 1967 var det 605 innbyggjarar i landsbyen og hovudnæringa var jordbruk, mellom anna sitrus.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Avihayil» frå , den 15. august 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1932 Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:1932 i Palestina